Lokale opplevingar, synergi Herifra.
Vi knyter turistar og lokalbefolkning saman gjennom ekte, kortreiste opplevingar og produkt. Ved å bruke teknologi, marknadsinnsikt og lokal tilhøyrigheit, ønskjer vi å revolusjonere måten mindre bedrifter kan vekse og skalere på – på ein smart og bærekraftig måte.
DivNest AS er hjernen bak plattforma, og vi er ei gründerbedrift som har mykje spennande på gong.
Vi har ambisjonar om å skape noko stort for lokale bedrifter og samfunnet rundt oss. Vi jobbar for å hjelpe både nye og eksisterande lokale bedrifter, tenesteleverandørar og gardsbruk til å utvikle seg. Målet vårt er å skape eit levande og engasjerande bygdeliv, auke omsetninga per turist og fremje kortreiste opplevingar som alle kan ta del i.
I tillegg ønskjer vi å legge til rette for at fleire som har ein idé, eller som ønskjer å utvide eller starte opp si eiga verksemd, skal ha tilgang til ein plattform som gjer det enklare å gå frå idé til faktisk omsetning. Har du ein idé? Eller kanskje du driv ei bedrift og slit med salet eller merksemda? Ta kontakt med oss, så vil vi gjerne forklare korleis vi kan hjelpe.
Vi tilbyr rådgjeving innan både digitalisering og forretningsutvikling, og kan hjelpe deg med å formulere ein plan for din idé – heilt utan kostnad.